Klyngetunet
An edition of Klyngetunet (2018)
den norske landsbyen
By Eva Røyrane,Oddleiv Apneseth
Publish Date
2018
Publisher
Skald
Language
nor
Pages
444
Description:
Dette er historia om den norske landsbyen, eit gløymt fenomen i historia vår. Mange trur bøndene i Noreg alltid har budd på kvart sitt tun, men ein gong i tida, før utskifting og dramatisk modernisering, budde mange nordmenn saman i landsbyliknande fellestun. I desse tuna budde og arbeidde familiar i små hus tett i tett, vegg i vegg, med eit lappeteppe av åkrar kring husklynga.00Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth fekk ideen til Klyngetunet då dei samla stoff frå heile landet til bestseljaren Norges låver. På si hittil siste reise har dei vitja meir enn femti slike små landsbyar som av ulike årsaker har overlevd, frå Agder i sør til Troms i nord. Fleire av dei er freda, nokre har blitt til museum og feriebustader, medan det i andre bur heilt vanlege folk som framleis driv aktivt jordbruk. 00Ein gong fanst det mange tusen slike bondelandsbyar, før dei vart oppløyste i perioden 1860?1920. Boka fortel om korleis den dramatiske oppløysinga endra det norske landskapet og bygdelivet, og korleis det gjekk med dei få tuna der bøndene ikkje flytta for å etablera seg kvar for seg. Boka fortel også om korleis kvalitetane i det tette klyngetunet no kan få ein ny vår om dagens arkitektar, byplanleggarar og husbyggarar ser til denne eldgamle buforma for inspirasjon til nye bumiljø der den moderne nordmannen kan trivast og bu i fellesskap.
subjects: Villages, Pictorial works, History, Village communities, Norwegian Architecture, Architecture, Modern Architecture
Places: Norway